1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Trykk her for rettleiing til registrering og bruk av systemet!

Georeg er eit digitalt registreringsverktøy for teljing av poeng i fjelltrimmen.

Eivindvik idrettslag har testa systemet ut over ein periode, og funne ut at dette er til stor hjelp for oss i arbeidet med

poengteljinga når vi reknar saman poenga mot slutten av sesongen. På årsmøtet 3.mars i år vart medlemmane informert om

systemet, og det vart bestemt at ein frå og med 1.april i år tek det i bruk for fullt. Bøkene vil fortsatt ligge ute denne sesongen, slik at ein kan skrive seg inn på vanleg måte om ein ikkje har fått installert Georeg.

Systemet er i bruk fleire stader i landet, og idrettslaget har fått gode rapportar om det frå mellom anna Selje og Bjordal idrettslag. Kostnaden med å bruke systemet er kr 1000,- pr år.

For å kunne ta i bruk Georeg, treng ein berre å registrere ein konto på nettsida georeg.no, laste ned appen Georeg til smarttelefonen sin og knytte appen opp mot kontoen ein har registrert. Deretter er det berre å ta opp smarttelefonen når ein står på toppen, åpne appen og trykke på REGISTRER. Foreldre med små barn utan telefon kan registrere ein konto på barna sine, for deretter å bruke sin eigen telefon til å registrere dei på toppane.

Så lenge idrettslaget har bøker liggande ute og samtidig brukar appen, er det sjølvsagt mogeleg å «jukse» seg til dobbelt antal poeng ved å registrere seg begge plassar samtidig. Idrettslaget ber medlemar vise respekt overfor idrettslag og andre medlemmar, og registrere seg EIN gang på kvar post!

Idrettslaget veit at dette er ei stor endring for mange turgåarar, og har derfor laga ei oppskrift for korleis ein både registrerar seg og deretter brukar appen. Denne forklaringa er laga for at absolutt alle, gamal som ung, skal kunne klare å komme i gang med Georeg.

Trykk her for å komme til rettleiinga!

 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com