1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Årsmøtet for 2020 vert grunna Koronapandemien avhelde på Microsoft Teams. Les vidare inne i artikkelen for å finne lenke til deltaking på møtet, informasjon om korleis ein går fram for å delta samt saklista for årsmøtet..

Om ein nyttar pc treng ein ikkje ha Teams-appen på maskina og nytte den. Ein kan då velje å opne møtet i nettlesaren. 

På smarttelefon må ein laste ned Teams-appen frå Microsoft og logge seg på denne for å kunne delta på møtet. Når appen er nedlasta og ein har logga på/registrert seg, kan ein gå inn att i denne artikkelen og klikke på lenka under.

NB! Møtet startar ikkje før kl 16, så om ein koblar seg opp litt før dette får ein ikkje bilete med ein gong. Det er då berre å halde seg i ro til vi i styret startar møtet. Nede under biletet/livefeeden finn ein fleire symbol ein kan trykke på, mellom anna for å få lyd på sendinga.

Lenke til deltaking på årsmøtet finn de her: Click here to join the meeting

 

 Under finn de saklista for årsmøtet. Om nokre har saker dei meiner burde vore tekne opp på møtet, meld desse til leiar Kjetil Rutledal på tlf 99263363 eller mail Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. seinast laurdag 13.mars.

 

 Til medlemer i Eivindvik IL

Eivindvik, 11.mars 2021

Sakliste for årsmøtet i Eivindvik Idrettslag 14.mars 2021 kl 16.00

Under føl saklista for årsmøtet:

Sak 1: Godkjenne dei stemmeberettiga

Sak 2: Godkjenne saklista

Sak 3: Velje dirigent

Sak 4: Velje referent

Sak 5: Velje to medlemer til å underskrive protokollen

Sak 6: Behandle idrettslaget si årsmelding, herunder gruppeårsmeldingar

Sak 7: Behandle idrettslaget sitt rekneskap.

Sak 8: Behandle forslag og saker

Sak 8.1: Fjelltrimpremiering

Sak 8.2: Renovering av Eivindvik stadion

Sak 8.3: Nettsida til Eivindvik IL

Sak 8.4: Planar i nær framtid, frisbeegolfbane og ballbinge

Sak 9: Fastsetje medlemskontingent

Sak 10: Val

 

Styret i Eivindvik IL

 

 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com