EIVINDVIK IL HAR NY MAILADRESSE. KONTAKT OSS PÅ eivindvikidrettslag@gmail.com  OM DU HAR SPØRSMÅL ELLER VIL GJE RIS ELLER ROS

                                                                                                     

Pin It

Styret i Eivindvik idrettslag mottok denne e - posten frå administratorane av Georeg 1. februar;

 

"Hei,

 

Du får denne eposten fordi du er registrert hos oss som kontaktperson for laget ditt.

 

Georeg har vært driftet på frivillig basis fra starten i 2014. Mye fritid har gått med til dette, og i dag er Georeg et system som fungerer bra og som mange lag rundt omkring i Norge har stor glede av. Hittil har Georeg vært gratis å bruke for den enkelte bruker. Inneværende periode som dere som lag har betalt for utløper 29.02.2020.

 

For å sikre videre drift av appen samt å kunne videreutvikle og yte nødvendig brukerstøtte har vi bestemt at den enkelte bruker fra 01.03.2020 må betale en medlemskontingent i Georeg på 200 kr/år. Dette tilsvarer en månedlig utgift på 16,67 kr som vi tror vil være overkommelig for de fleste. Kontingenten inkluderer fri bruk av alle Georegs funksjoner gjennom et år.

 

Vi har allerede klargjort systemet for betaling, men iverksetter ikke dette før 01.03.2020. Vi har satt opp en nettbutikk som åpner 23.02.2020. Link til nettbutikken blir fra denne datoen å finne i menyen når man er innlogget på Georeg's websider. Systemet er basert på kortbetaling og er fullstendig automatisert. Skulle man være så uheldig å stå på «høgste nuten» med utgått abonnement kan man betale online, abonnementet er da aktivt igjen innen 10 minutt.

 

I god tid før 01.03.2020 vil vi gå ut med infomasjon til alle brukere.

Med vennlig hilsen

Andreas og Leif Helge"

 

Sundag 2. februar gjennomførte styret i laget eit telefonmøte. Her vart fylgjande samrøystes vedteke:

 

1. Det er uaktuelt for oss å la medlemane betale for bruken av fjelltrimmen utover betaling av medlemskontingent. Ein tok i utgangspunktet i bruk systemet for å lette teljearbeidet til Tove og Marit etter kvar fjelltrimsesong, ikkje for å lette kvar einskild sin jobb med å registrere seg.

2. Idrettslaget sa seg villig til å auke den årlege avgifta til Georeg frå kr 1 000 til inntil kr 5 000. Dette forutset at medlemane ikkje betalar noko sjølve.

3. Om Georeg fortsatt vil gjennomføre endringane dei omtalar i e - posten frå 1. februar, avsluttar vi bruken av systemet 29. februar i år. Vi vil då aktivt sjå etter ei anna, liknande digital løysing vi kan bruke, helst frå og med oppstart sommartrim 1. april.

 

Etter ein del e - postar fram og attende i løpet av dagen, verkar det tydeleg at det er lita vilje hjå Georeg til å imøtekomme forslaga våre. Slik situasjonen er no, vert siste dag med bruk av Georeg 29. februar. Ein vil deretter kunne registrere seg i bøkene slik vi har gjort før. Vi vil fortsetje å vere i dialog med Georeg og håpe ting løyser seg til slutt. 

 

Avslutningsvis ber vi alle lesarar informere oss i idrettslaget om de veit om/kjenner til andre system som kan verte aktuelle for oss å bruke i fjelltrimmen. All informasjon kan gjevast til Halvor Elde, anten på telefon: 48044854 eller på e - post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Alle endringar vi gjer med fjelltrim og registrering vil verte lagt ut på nettsida og på Facebook fortløpande. 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com