1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Det nærmar seg 1.april, datoen for oppstart av sommartrimsesongen. Nye bøker vert lagt ut på alle postane dei komande dagane, Georeg vert nullstilt i løpet av kvelden den 31.mars. 

Idrettslaget inviterar alle til ein ny sesong, anten du er ein rutinert turgåar eller vil prøve å utforske dei vakre fjellområda våre for fyrste gong. 

Årets ekstrakonkurransar vert som fylgjer;

Born i alderen 0-6 år: 10 turar på Gulakvila(Dagsturhytta). Premien er eit gåvekort på kr 500 hjå XXL, ein vinnar trekkast mellom dei som klarar kravet.

1.klasse t.o.m. 10.klasse: 5 turar på Flolidfjellet. Premien er eit gåvekort på kr 500 hjå XXL, ein vinnar trekkast mellom dei som klarar kravet. 

Open klasse: Kom deg opp på fylgjande fem toppar i løpet av sesongen; Brosviksåta, Vatnestølen, Tungebotn, Svabergfjellet og Kjerringnova. Premien er eit gåvekort på kr 1000 hjå XXL, ein vinnar trekkast mellom dei som klarar kravet.

For å motta medalje eller premie i fjelltrimmen MÅ ein vere medlem i idrettslaget for 2021. Det same gjeld ekstrakonkurransane og gåvekorta ein kan vinne der.

NB! Alle som går turar på kvelden 31.mars, må skrive seg i bøkene om dei vil vere heilt sikre på at poenga skal telje med i vintertrimmen. Georeg vert som før nemnd nullstilt i løpet av kvelden, og når dette skjer tel alle turar gått etterpå i sommartrimmen. 

Idrettslaget treng di hjelp for å halde stiane og løypene i god stand. Om du oppdagar at noko treng ettersyn eller må gjerast noko med, kontakt oss eller ta i eit tak sjølv for å utbetre problemet!

God sommartrimsesong!!

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com