Laurdag 3.juni gjekk den årlege fotballturneringa Eivindvik Cup av stabelen på idrettsbana. Etter mykje nedbør dagane før og usikre prognosar

for laurdagen, var det fantastisk å kunne ynskje spelarar og publikum velkomen til opphaldsver, sol og fine temperaturar.

I år hadde vi lagt inn ein ekstra kamp for å få kabalen til å gå opp. Det var ein kamp i 5-ar fotball mellom 3. og 4. klasse på Dalsøyra og i Eivindvik.

Etter kampen fekk samtlege spelarar utdelt medaljar, dette vart sett stor pris på. Resultatet vart 9 – 1 til Eivindvik. Ei stor takk til borna frå Dalsøyra med føresette, som stilte til kamp på svært kort varsel og sørga for at vi kunne gjennomføre turneringa med ein god kampplan.

I dameklassen deltok Frustrerte fruer, Frustrerte frøkener og Siste liten. Etter dei innleiande kampane vart det klart at finalen ville gå mellom Fruene og Frøkenene. Då det beviseleg er rimelig stor skildnad i snittalder på dei to laga, stilte nok Frøkenene som knapp favoritt i finalen. Kampen vart likevel jamn, og like før slutt var det berre eitt mål som skilde laga. Fruene kasta då alle fruer i angrep, og som så mange gonger før vart dei offer for ei giftig kontring i mot.   3 – 1 til Frøkenene, og kampen var avgjort.

I herreklassen stilte fem lag opp. Dette var Hisarøy FK, Dynamo Haugsdal, Young Boys, Gulafjordvegen 69`ers og Innvandrerne. Her må vi sende ei ekstra takk til Innvandrerne, som vart bedt om å stille med lag for å gje herrelaga litt fleire kampar å spele. Innvandrerne stilte, sjølv om dei stort sett var ein mann for lite i alle kampane, og gjorde ein framifrå innsats.

Finalen i herreklassen stod mellom Hisarøy FK og Dynamo Haugsdal, og vart ein svært jamn batalje. To minutt før slutt kom det einaste målet, og Dynamo Haugsdal stakk som fleire gonger før av med pokalen.

På kvelden vart det arrangert dans i Ungdomshuset. Barbette, beståande av Kjell Reigstad og Anne Hauge, spelte opp, og hadde med seg gjesteartistar som Elise Molde og sjølvaste Yngvar Furubotn. Rundt 80 betalande gjestar sørga for høg stemning, allsang og dans.

Avslutningsvis vil idrettslaget takke spelarar, publikum, band og ikkje minst den store dugnadsgjengen for at denne dagen vart slik ein suksess. Sårt tiltrengte pengar til laget, som kjem godt med når vi snart skal kjøpe ny grasklippar!!

Vi satsar på å gjenta suksessen neste år!

Kjetil Rutledal

Save

Save

Save