Årets utgåve av Vassverket Opp har fått dato og klokkeslett. Kven som helst kan delta, ein vel sjølv om ein vil delta i konkurranseklassen eller berre rusle opp og ta det som ein flott spasertur.

Konkurranseklassen startar kl 12(oppmøte og utdeling av startnummer frå kl 11.45). Dei som vel å rusle bør vere oppkomne og ute av løypa innan den tid.

Oppmøtestad er på Prestekaia nedanfor kommunehuset i Eivindvik.

 

Konkurranseklassen er delt i fire kategoriar:

1.Guteklasse(opp til og med 10.klasse)

2.Jenteklasse(opp til og med 10.klasse)

3.Herreklasse

4.Dameklasse

Påmelding skjer på staden før start. Om nokon ynskjer å melde seg på i forkant, kan dette gjerast ved å sende mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller sende påmelding på sms til tlf.nr 99263363.

 

Det vert premiering til raskaste løpar i kvar klasse. I tillegg vert det trekt to premiar på startnummer. Det vil seie at alle som tek turen opp, uavhengig av om dei deltek i konkurranseklassen eller ikkje, har vinnarsjansar så lenge dei melder seg i sekretariatet før start. 

Premieutdelinga vert halden i startområdet etter at deltakarane har kome seg ned att.

Det vert inga servering på toppen, ta gjerne med deg noko godt å drikke eller bite i. 

Vel møtt!