Etter å ha reist frå Eivindvik kl 8.30 laurdag, stilte vi med to lag til fotballcup for 3.-4.klassingar på Sandnes skule. Vegarbeid gjorde turen ekstra lang og inkluderte omkøyring via Sleire for å komme seg til ferjekaia i Duesund.

Alle kom seg heldigvis med den smekkfulle kabelferja kl 9.50 og nådde bana i god tid før kampane starta. 

På cupen var det lagt opp til fire 5ar-kampar på 16 minutt for kvart lag. Vi hadde uheldigvis berre med ni spelarar, mellom anna fordi cupen kolliderte med 4H sin haustfest på Oppdalsøyra. Dette førte til at vi og hadde med to 5.klassingar frå treningsgruppa vår.

I nokre kampar vart det spelt med berre fire spelarar på det eine laget, ellers løyste vi problemet med å låne spelarar frå kvarandre når kampane ikkje gjekk samstundes. 

I den interne kampen mellom våre lag enda det uavgjort, elles vann begge laga to kampar og tapte ein.

I tillegg til spelarar og trenarar hadde vi med ein engasjert heiagjeng som ikkje på nokon måte la band på seg undervegs.  

Cupen vart avslutta med premieutdeling før ein måtte skunde seg tilbake til ferjekaia. Ferja var nok ein gong fylt til randen, men alle kom seg med og vel heim.