Byrjinga på dagen var regntung, men heldigvis letta det fint opp til turstart kl 12.00. Totalt 36 personar deltok, av desse var heile 14 born.

Aldersspennet var som vanleg stort, tre av dei yngste satt i bæremeis medan eldste deltakar bikkar 80 år i sommar! Barnehagen var særs godt representert, born frå alle dei tre avdelingane stilte opp.

Hovudruta gjekk frå Krossteigen, vidare til Vassverket, Stormyra og Rimmane før ein gjekk ned til "Karibenken" og avslutta turen i byggefeltet.

Det var innlagt pause mellom anna på Vassverket slik at ein stort sett kunne gå i samla flokk.

 

Nokre gjekk vidare til Dagsturhytta, resten tok turen opp til Stormyra.

Etter Stormyra gjekk vi ut til "Utsikten" der matpausen vart teken. Ungane klatra i trea og delte på godsakene frå sekkane.

Etter endt lunsj stod Rimmane for tur. Avslutningsvis gjekk dei aller fleste deretter ned til turstien og vidare heimover.

 

Ein flott dag i like flotte løyper, kanskje vi sjåast til 1.mai-tur i 2025?