I lengre tid har det stått ei "tønne" på tre bein på plassen ved den flotte gapahuken vår. Barnehagen har vore flittige gjestar der, men grillinga har vore vanskeleg å få til grunna manglande rist over flammane.

Dette problemet kom Hans Jørgen Vilsvik for øyre, og saman med Asbjørn Refsdal bestemte dei seg for å ta grep. Ein gammal vasstank vart funnen blant skrotet i metallkontainaren i Solleibotn. Den vart deretter delt i to, delane sveisa saman og ei metallrist strekt over.

No får vi håpe finveret varer ved, slik at  barnehageungane og dei tilsette får testa ut vidunderet snarast råd.