Annakvart år arrangerer idrettslaget "Ta sjansen" på Sandalskaia i sentrum av Eivindvik. Dette er det største arrangementet idrettslaget står ansvarleg for, og skapar ein folkefest i bygda.

Her handlar det om å vere kreativ, lage seg ein farkost, køyre ned sklia og komme seg ut i sjøen til bjella på kortast tid. Det vert kåra vinnarar i kategoriane "Raskaste båt", " Fantasiprisen" og "Fiaskoprisen".

I tillegg til "båt-racet", er det vannsklie for borna, palleløp og godteposeutkast.

Her ligg mykje dugnadsarbeid bak, og Banenemnda gjer ein fantastisk jobb med mellom anna opp- og nedrigging av rampe.

Samtlege i styret legg og ned ein stor innsats for å gjere dette til ein vellukka dag.

EIVINDVIK-CUP PÅ IDRETTSBANA

 

Kvart år i juni månad arrangerer idrettslaget turnering i 7-arfotball for kvinner og menn. Turneringa startar med eit innleiande puljespel, før ein avsluttar med semifinalar og finalar i begge klassane.

Kampane vert spelt på to baner, og ein kamp varer 2 x 12 minutt. I semifinalar og finalar vil kampane gå direkte til straffespark-konkurranse ved uavgjort etter full tid.

Deltakarlaga stiller med dommarar til kampane. Påmeldingsavgift er kr 50 pr spelar.

Vinnarlaga får pokal og fruktkorg, samt lagbilete på nettsida til idrettslaget.

 

På kvelden arrangerer idrettslaget dans med levande musikk i ungdomshuset Vårtun"

"Vassverket opp" er ein uhøgtidleg løpskonkurranse som vert arrangert årleg i sommarhalvåret. Løypa går frå vegen nedanfor kommunehuset og opp til toppen ved Vassverket, og alle deltakarar får målt tida si.

Under denne konkurransen vert det trekt ut premiar på startnummeret.

Her kan du finne opplysningar om nye arrangement i regi av idrettslaget, gjerne arrangement ein ikkje har forsøkt før.

Ein vil her kunne finne informasjon om kurs som idrettslaget anten arrangerer sjølve, eller kurs idrettslaget ynskjer å sende trenarar på andre stader.

Pin It

Eivindvik idrettslag er eit lag drive av pågangsmot, entusiasme og dugnadsånd. Vi lønar ingen, verken i styret eller andre nemnder. Alt arbeid tek stad på fritida.

Idrettslaget har ei lang historie, vi er nemnd i skrifter tilbake til rundt år 1900.

Hovudaktivitetane i laget har variert, men for tida er vi mest engasjert i treningsarbeid, fjelltrim og tilskiping av arrangementa "Ta sjansen", "Eivindvik cup" og "Vassverket opp".

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com