VASSVERKET-STOREMYRA-RIMMANE
Oppmøte på toppen av Krossteigen kl 12. Hovudruta går via Vassverket, Storemyra og Rimmane til "Karibenken" og avsluttast i byggefeltet. Det er fullt mogeleg å "hoppe av" eller velje andre stiar undervegs, til dømes Dagsturhytta, Mikkelfjellet, Enivest og/eller Høgefjellet. Turen passar alle årsklassar, hugs niste og godt med drikke!
Vel møtt!
Trimgruppa
Vi minner om at sommartrimmen startar opp 1.april. No har de ein siste sjanse til å sikre dykk nødvendige poeng i årets vintertrimkonkurranse(Viser til konkurransen som vart publisert i haust.). Ekstrakonkurransar i sommartrimmen vert annonsert etter årsmøtet 30.april.
I dag startar idrettslaget opp att med sommartrimmen. Georeg vert nullstilt og alle startar med blanke ark. Som tidlegare legg vi opp til ekstrakonkurransar med vinnarsjansar for å motivere litt ekstra, sjå krava nedanfor:
Les meir: Årets sommartrimsesong er i gang, her er ekstrakonkurransane!
Trimgruppa i Eivindvik IL nominerte i år Tove Rutledal til den gjeve Gulatingsprisen for 2024. Ho er opphavskvinne og mangeårig ansvarleg for fjelltrimmen i krinsen vår samt opparbeiding og vedlikehald av eit fantastisk løypenett. Ei høgst fortent utmerking, og stor stas for alle oss i Eivindvik IL! Under kan de lese nominasjonsbrevet Trimgruppa sendte inn til kommunen:
Les meir: Tove Rutledal heidra med Gulatingsprisen for 2024!