Vintertrimmen startar 1.november kl 00.00.01. Under ser du krava for å vere med i premietrekninga av ekstrakonkurransane:
Les meir: Vintertrimmen er rett om hjørnet, her er dei nye ekstrakonkurransane!
EIL mottok i år kr 5 000 frå Gulen kommune til innkjøp av ryddeutstyr. Om nokre av dykk vil hjelpe oss med rydding av stiar i området, kan maskina på biletet lånast ut. Den står hos Gunn Birknes, kontakt ho på tlf 48 21 90 20 om de vil hjelpe til!
Vinteren står for døra, og idrettslaget avsluttar difor sommartrimsesongen 31.oktober kl 23.59.59. Dei som kjempar iherdig for å klare kravet i sine klassar har dermed no berre 18 dagar igjen på å nå målet. Aktuelle klassar og krav finn de under i artikkelen.
Ole Indrebø og Gunn Birknes har i juni erstatta den gamle "Bukkene Bruse"- brua mellom Vassverket og Rimmane med ei splitter ny bru! Idrettslaget takkar så mykje for dugnadsarbeidet! Takk og til dei som var med og bar materialen på plass!