Trimgruppa

Trimgruppa i Eivindvik IL nominerte i år Tove Rutledal til den gjeve Gulatingsprisen for 2024. Ho er opphavskvinne og mangeårig ansvarleg for fjelltrimmen i krinsen vår samt opparbeiding og vedlikehald av eit fantastisk løypenett. Ei høgst fortent utmerking, og stor stas for alle oss i Eivindvik IL! Under kan de lese nominasjonsbrevet Trimgruppa sendte inn til kommunen:

Trimgruppa har no gått gjennom alle Georeg-registreringane i årets sommartrim, finstudert kven som har vore på kva slags toppar og plukka ut dei som var kvalifisert til å vere med i trekninga av ekstrakonkurransane.

I sommartrimmen 2024 har 70 personar klart kravet til premiering. 276 personar har registrert seg på ein eller fleire av Eivindvik IL sine postar via Georeg.

Det nærmar seg 1.november og starten på vintertrimmen. Sommartrimmen vert avslutta 31.oktober. Dersom det er nokon som planlegg å levere inn poengskjema på papir, ver venleg å gje leiar i trimgruppa, Sandra Skutvik, ei melding før 1.november(skjemaet treng ikkje leverast inn innan 1.november). 

Dersom det ikkje kjem melding om bruk av papirskjema, så kan trimgruppa starte arbeidet med å sortere sommartrimpoenga i starten av november.

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com