Trimgruppa

Det har teke tid, men endeleg har idrettslaget fått trekt vinnarane av ekstrakonkurransane i vintertrimmen.

Det er meldt finver til morgondagens utgåve av Vassverket opp, og vi reknar med godt oppmøte.

Idrettslaget ynskjer å gje deltakarane i konkurranseklassane mest mogeleg like forhold, og ber av den grunn alle som ikkje spring på tid om å syte for at dei er komne opp til toppen FØR konkurransestart kl 13!

Vi held fram med å bruke fjellet heile året, og det set vi som styrer med vintertrimmen stor pris på. Korona-pandemien har nok gjort sitt til at enno fleire no har oppdaga at tur er topp.  

Ein av toppane i årets ekstrakonkurranse for vaksne i sommartrimmen har her på nettsida gått under namnet Nordgulstølen. På Georeg ligg denne posten inne med namnet Tungebotn.

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com