VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

42 born, ungdommar og vaksne stilte opp for å gå idrettslaget sin tradisjonelle 1.mai-tur måndag denne veka. Sjå biletserie i artikkelen!

Turen gjekk frå Krossteigen via Stormyra, Rimmane og til "Karibenken" før folk rusla kvar til sitt når dei kom ned att i byggefeltet.

Det var lagt opp til to pausar undervegs, ein på Vassverket og ein på Stormyra. Folk stod ellers fritt til å bevege seg ut av hovudløypa og gå vidare til andre destinasjonar om dei ville det.

Været spelte som sagt på lag denne mandagen. Sjølv om gradestokken ikkje viste vårtemperaturar var det nok mange som gjekk med ein skikkeleg vårfølelse likevel. Borna sprang inn og ut av løypene, klatra i trea og sytte for eit lydnivå ein slik tur verdig. Dei vaksne heldt praten i gang seg imellom, gjerne over ei skive eller ein varm kopp kaffi eller kakao. 

For ein fantastisk dag!

 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com