VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Totalt 21 medlemmar fann det bryet verdt å møte opp når idrettslaget gjennomførte årsmøte i Mediateket på skulen søndag. Etter gjennomgang av saklista stod den tradisjonelle bingoen for tur.

Idrettslaget la fram årsmelding, rekneskap for fjoråret og ein vedtok valnemda sitt forslag til nytt styre og nemder utan innvendingar. Desse dokumenta vil verte lagt inn i Årsmøtearkiv-fana snarast råd, men grunna oppdatering av nettsida vil dei nok ikkje vere tilgjengelege for gjennomlesing før tidlegast neste veke.

Fjelltrim-medaljar og premiar vart utdelte etter same lest som før. Leiar informerte om nettsida, klubb-shopen og planar for inneverande år.

Av andre saker er det viktig å nemne at medlemskontingenten vert satt opp frå og med i år. Nye satsar vil no vere kr 300 for enkeltmedlemskap og kr 500 for familiemedlemskap. Årsaka til dette er ein nedgang i betalande medlemmar samt ein betydeleg prisauke på straum knytt til idrettsbana og bruken av den. Dette resulterte i at rekneskapen viste eit underskot på ca kr 17 000 for 2022.

Årsmøtet vedtok og å betale for klubbjakker til hovudtrenarane for 1.-2.-klasse fotball og 3.-4.klasse fotball. Dette skuldast alle treningane dei har ansvar for utandørs i all slags ver, samt at dei då vil kunne profilere laget på cupar og andre arrangement dei deltek på. Trenarar for andre, innandørs idrettar vil ikkje få dekka tilsvarande då behovet er mindre og dei ikkje deltek på arrangement eller har ansvar for lag som representerar oss.

Det vart vedteke at styret i idrettslaget bestiller inn eit antal T-skjorter eller vestar med klubblogo til bruk under arrangement i vår regi. Planen er då å dele ut plagg til dei som er i arrangørstaben, slik at det vil vere lett for deltakarar eller publikum å vite kven dei skal kontakte om dei har spørsmål knytt til arrangementet. Plagga vil etter bruk måtte vaskast og leverast attende til styret.

Avslutningsvis vart det gjennomført tre rundar bingo med flotte premiar. 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com