1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

 

12. august kl 11 går startskotet for årets Eivindvik Challenge. I denne artikkelen finn du utfyllande informasjon om arrangementet, mellom anna påmeldingsinformasjon, konkurransereglar og krav til innlevert samtykkeskjema for deltakarar under 18 år.

Kva er Eivindvik Challenge?

Eivindvik Challenge er ein uformell, trivselsprega par-konkurranse som inneheld mange ulike element. I løpet av dei tre timane konkurransen varer kan ein ha vore innom både sykling, fjellgåing, padling, bading, krabbing og praktiske samarbeidsoppgåver av ymse slag.

Dette er ikkje ein konkurranse kun for dei sprekaste. Laga vel sjølve kva tempo dei vil halde og kor mange eller kor harde postar dei vil gjennomføre. Det er rikelig med tid til både å slå av ein prat med forbipasserande, ta seg ein kaffikopp eller kjøpe seg ein is undervegs i konkurransen. Fokuset vårt er at deltakarane skal sitte att med ei kjensle av at dette var skikkelig moro å vere med på!

Ved start får ein utdelt kart over området mellom Mjåneset og Svaberget. På kartet er det merka av ca 30 postar og kor mange poeng ein får på kvar post. Para må då vurdere kor mange og kva slags postar dei vil forsøke å nå utifrå forventa tidsbruk og kor mange poeng ein får på kvar plass. 

For å dokumentere at ein har vore på eller klart dei forskjellige postane, skal laga først skanne ein unik QR-kode som er utplassert på kvar post. Når ein gjer det, kjem ein vidare til ei side der ein må registrere kva lag ein er, og deretter følge informasjonen som vert gjeven. På nokre postar er det nok å sende inn registreringa, på andre postar skal ein til dømes svare på eitt av fleire svaralternativ ein får opp. NB! Laga må IKKJE fortsette konkurransen før dei har fått melding frå systemet om at svaret er registrert! Om ein fortsett vidare utan å ha fått bekreftelsen, vil ikkje svaret verte registrert i sekretariatet og poenga frå den posten vert då heller ikkje registrert i samandraget. 

Vi har i år gått vekk frå innsending av videoar og bilete undervegs sidan dette tidvis har vore problematisk grunna dårleg dekning. Årets konkurranse legg heller opp til at laga skannar ein eigen QR-kode etter målgang og sender inn 5 bilete frå konkurransen då. Denne innsendinga tel ikkje i poengsamandraget, men må likevel gjerast for å vere med i konkurransen.

 

Informasjon om konkurransen

Konkurransen er eit alkoholfritt arrangement.

Konkurransen startar og sluttar på kaia nedanfor hotellet.

Syklar plasserast på plassen utanfor legekontoret.

 

Eit lag består av to personar, og klassane i år er;

-Dameklasse(Frå og med 13 år).

-Herreklasse(Frå og med 13 år).

-Mixklasse(Frå og med 13 år).

 

Oppmøtetid før konkurransen er kl. 10. 

Deltakarlaga får utdelt startnummer og blir gitt all nødvendig konkurranseinformasjon, ein tek lagbilete og det vert felles oppvarming til musikk.

Konkurransen startar kl. 11 og varer til kl. 14. Dei laga som ikkje er i mål innan tidsfristen, mistar eitt poeng for kvart minutt ein er for sein. Målgang etter kl. 14.15 medfører diskvalifikasjon.

Det er ikkje mogeleg å rekke alt på tre timar. Det er ein forutsetning at ein nyttar sykkel mellom postane, det er tross alt snakk om ganske store avstandar.

Bilete som vert sendt inn etter konkurransen må vere tekne under konkurransen. Det er ikkje krav til at post-merkinga må vere med på biletet, dette vert opp til kvart lag. Om ein klarar å ta bilete med ein humoristisk vri er dette alltid å foretrekke.

 

Premieringa vil i år skje i målområdet rett etter målgang, så snart teljekorpset er ferdige med oppsummeringa. Beste/mest fantasirike kostyme vil og premierast. 

Vinnarlaget i dei forskjellige klassane er det laget som har samla saman flest poeng innanfor tidsfristen på tre timar.

 

Reglar og krav til sikkerheit under sjølve konkurransen

- Laga vel kva postar dei vil prøve seg på basert på vær, kunnskap og fysiske evner.

- Laga vel vegen dei vil ta til postane basert på vær, kunnskap og fysiske evner.

- Startnummer skal plasserast godt synleg på begge lagmedlemer.

- Alle deltakarar må ha eiga ulykkesforsikring.

- Bruk av GPS er tillete, men samsvarar ikkje 100% med kartet. Kartet er det som gjeld.

- Det skal vere maksimalt 20 meter mellom deltakarane i løypa til ei kvar tid.

- Det er ikkje tillete med følgebil undervegs i syklinga.

- Trafikken er ikkje regulert grunna konkurransen, trafikkreglane gjeld til ei kvar tid!

- Det er påbod om bruk av sykkelhjelm når ein syklar.

- Det er påbod om bruk av flytevest når ein padlar kajakk eller padlebrett/SUP. Flytevest ligg på dei aktuelle postane.

- Når ulykker skjer, er det obligatorisk å hjelpe til.

- Ved behov for enklare medisinsk hjelp, ring telefonnummer på baksida av kartet.

- Ved alvorlege ulykker, ring 113.

 

Påmelding og påmeldingsavgift

Eivindvik IL har sett eit øvre tak på 100 deltakarar(50 par) til konkurransen. 

Påmelding sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. seinast 10. august. Det er nok at ein av deltakarane på laget sender inn påmeldinga. Den som sender oss mail fører då opp namnet på begge deltakarane, alder(dersom ein er under 18 år)pluss kontaktinfo(tlf.nr, mailadresse). Laga må i tillegg oppgje eit lagnamn i mailen, gjerne eit namn med humoristisk snert.

Påmeldingsavgifta er sett til kr 300 pr. lag. Pengane vippsast samla(Ei innbetaling pr.lag) til Eivindvik IL innan påmeldingsfristen 6. august.

 

Innlevering av samtykkeskjema for deltakarar under 18 år

Alle deltakarar under 18 år må levere inn samtykkeskjema signert dei sjølve og ein føresett for å kunne delta på alle postane/oppgåvene. Samtykkeskjemaet kan signerast, takast bilete av og sendast inn saman med påmeldinga på mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. 

Samtykkeskjemaet finn du HER

 

Fotografering og video-opptak

Eivindvik IL planlegg å legge ut artiklar og enkelte bilete/videoar av arrangementet på heimesida, Facebook og kanskje på Youtube-kanalen vår. Vi legg ikkje ut bilete og videoar av deltakarar i svært lettkledde eller pinsame situasjonar. Om nokre av dykk likevel ynskjer å unngå denne type publisering må de gje oss beskjed om dette. Dette kan gjerast i eigen mail eller ved å gje beskjed i mailen der de melder dykk på konkurransen.

Har de fleire spørsmål knytt til arrangementet, kontakt oss på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Vel møtt!

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com