VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Det var overraskande god deltaking på årsmøtet til Eivindvik IL søndag. Kring 30 personar var innom i løpet av møtet og den påfylgjande bingoen, av desse var heile 10 born i alderen 0 til 10 år!

Årsmøtet vart avhelde på Norsksenteret grunna dobbeltbooking av Mediateket. Lokalet viste seg å vere godt eigna til føremålet, spesielt gunstig var det å ha eit lite kjøkken tilgjengeleg like ved kakebordet. I år som i fjor valde vi å ikkje ta betalt for kaffimat, kaffi og saft.

På årsmøtet var det som vanleg ein gjennomgang av året som har vore, planar for inneverande år, utdeling av fjelltrim-medaljar, gjennomgang av økonomi og godkjenning av kandidatar til styre og nemder.

Tove Rutledal gjekk i fjor haust av som leiar i trimgruppa etter omlag 40 samanhengande år i sjefsstolen. Nyvald leiar Sandra Sofi Skutvik overrekte i den samanheng blomar og eit sitteunderlag i skinn med inngravert tekst som ei gåve frå idrettslaget.

Tove vart takka for den eineståande innsatsen ho har lagt ned for å gjere fjellområda rundt oss til allemannseige, både gjennom å ta initiativ til den no velkjende "Fjelltrimmen", samt den utrettelege jobben ho har gjort(hovudsakleg saman med Marit Sandal) for å halde turstiane våre ved like år etter år. Oppstarten av Fjelltrimmen var i si tid eit nybrottsarbeid her vest, og har utvikla seg frå å gjelde eit par stiar til no å omfatte over 30 stiar innanfor skulekrinsen vår. Suksessen dette initiativet førte med seg, bidrog mellom anna til at dei andre skulekrinsane i kommunen etter kvart lanserte liknande konsept.

Avslutningsvis vart det tradisjonen tru gjennomført tre rundar med bingo, ein runde kun for born og deretter to rundar åpne for alle. Og gjett kven som vann hovudgevinsten, ei bugnande fruktkorg frå Spar Eivindvik? Ingen ringare enn Tove Rutledal!!

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com