VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

3 måndagar på rad har idrettslaget invitert til turn-trening for born i aldersspennet (snart)4 år til og med 3.klasse. Una Prestegaard har hatt trenar/vaksenansvaret med uvurderleg hjelp frå dyktige assistentar!

Treningane har fulgt samme mønster kvar gong, der ein har starta med felles oppvarming til musikk. Så har borna vorte delt inn i grupper på 3-4 stykk og sirkulert mellom fire forskjellige stasjonar under rettleiing av Sara, Frøya, Jenni og Alissa. 

I løpet av kurset har deltakarane vore innom matte med ulike øvingar, ringar, balanse, rockering, handståande og hopp til tjukkas med trampett og springbrett.

I snitt har 12-14 born delteke på kvar trening. Dei har vore interesserte og oppmerksomme, og tilbakemeldinga frå trenarane er at dette har vore veldig kjekt å lage til og vere med på!

 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com