"Vassverket opp" er ein uhøgtidleg løpskonkurranse som vert arrangert årleg i sommarhalvåret. Løypa går frå vegen nedanfor kommunehuset og opp til toppen ved Vassverket, og alle deltakarar får målt tida si.

Under denne konkurransen vert det trekt ut premiar på startnummeret.

Pin It

Perfekt løpsvær og flotte løypeforhold til trass- berre 14 deltakarar drog på seg startnummer og sprang på tid til toppen denne laurdagen. 18 deltok i "turklassen". 

Turgåarane vart sendt opp på førehand og hadde funne seg orkesterplass til målgangen idet løpet starta kl 12.

 

Tidtakarane var tidleg ute og fordelte ansvarsoppgåvene før det braka laus.

Rundt kl 11.30 dukka dei første deltakarane opp og fekk utdelt startnummer.

Rundt klokka 12.25 var den sist startande i mål. Under ser de resultatlistene fordelt på klassar, det var dessverre ingen deltakarar i jenteklassen i år:

 

Guteklasse(0 til 16 år):

  1. Jakop Leknes            5 min 5 sek
  2. Nikolai Skutvik         7 min 24 sek
  3. Edvard Husevåg       7 min 24 sek
  4. Noah Rutledal           8 min 10 sek
  5. August Norman Bøe 9 min 35 sek

 

Herreklasse:

  1. Gaute Haveland        6 min 27 sek
  2. Rune Håvåg               6 min 53 sek
  3. Geir Haveland           6 min 53 sek
  4. Ronny Ingebrigtsen 7 min 37 sek

 

Dameklasse:

  1. Sandra Sofi Haveland  6 min 16 sek
  2. Una Prestegaard          6 min 38 sek
  3. Nina Kolås Rutledal     6 min 42 sek
  4. Marianne Midtun          7 min 31 sek
  5. Hannah A. Rutledal      8 min 10 sek

 

Vinnarane i dei forskjellige klassane fekk kva si hengekøye til bruk på tur i skog og mark. I tillegg vart det trekt tre vinnarar av premiar blant alle som gjekk eller sprang opp. Fruktkorger vart vunne av August Norman Bøe og Nina Rutledal, Frøya Palmer Håvåg stakk av med ei hengekøye.

Under finn de ein biletserie teken under arrangementet. Vi hadde i år ingen fotograf ståande midt i løypa, så nær sagt alle bileta er frå målområdet.

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com