"Vassverket opp" er ein uhøgtidleg løpskonkurranse som vert arrangert årleg i sommarhalvåret. Løypa går frå vegen nedanfor kommunehuset og opp til toppen ved Vassverket, og alle deltakarar får målt tida si.

Under denne konkurransen vert det trekt ut premiar på startnummeret.

Pin It

Laurdag skipar vi til vårt tradisjonsrike motbakkeløp mellom Prestekaia og Vassverket nok ein gong. Oppmøte i vegen ovanfor kaia for påmelding og utdeling av startnummer seinast 11.40!

Som tidlegare år ynskjer vi svært gjerne at så mange som mogeleg tek seg opp til målområdet før start for å heie deltakarane i mål.  Det er viktig at løypa er tom for folk i det startskotet går, dei som vil rusle opp må difor syte for å vere oppkomne  seinast kl 12.00.

Løpskonkurransen er inndelt i fire kategoriar på same måte som i fjor. Det vert utdelt premie til vinnarane av herreklassen, dameklassen samt i jente- og guteklassen. Dei yngste klassane er for born og ungdom i alderen 0 til 16 år.

Premieutdelinga vil skje i startområdet like etter at deltakarar og publikum er komne ned att. Spar Eivindvik har sponsa to fruktkorger som vert trekte på startnummer. Fruktkorgene kan vinnast av kven som helst, både konkurranseløparar og publikum som tek seg opp til målområdet for å heie. Einaste kravet for å vere med i trekninga er at ein har registrert seg i sekretariatet før ein legg i veg oppover løypa. 

Sekretariatet vil vere på plass frå ca kl 11.00.

Påmelding kan skje allereie no ved å sende ein sms til Kjetil Rutledal på tlf.nr 99263363.

Arrangementet er gratis.

 

Vel møtt!

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com