49 bygdefolk i alle aldrar og to firbeinte følgjesveinar deltok på årets utgåve av Nissemarsjen. Dette må seiast å vere særs bra oppmøte etter at marsjen vart flytta frå torsdag til laurdag på kort varsel.
Les meir: Nissemarsjen 2023 gjennomført på åres nest siste dag- godt oppmøte og kjempestemning!
Frå og med årets vintertrim-sesong har styret i trimgruppa vedteke å ta vekk posten på Svabergveten. Det har nyleg gått ras i området, og stien er elles relativt dårleg vedlikehalden. Kun tre registreringar var gjort på posten gjennom heile sommartrim-sesongen.
Den siste stigninga opp til Mikkelfjellet har to ruter; Opp berga ved hjelp av tau eller ruta som går "rundt" berga. I løypa utan tauklatring er det relativt store "steg" ein må forsere for å komme seg oppover mot toppen.
Les meir: Øvste del av stien mot Mikkelfjellet treng ei lita oppgradering- kan nokon hjelpe til?
Trimgruppa har no fått telt opp poeng frå årets sommartrimsesong, i samband med det trekte dei og alle ekstrakonkurransane som pågjekk samstundes. Vinnarane i kvar klasse mottek eit gåvekort på kr 1000,- hjå XXL, namna deira finn de nedanfor i artikkelen.
Les meir: Vinnarane av sommartrimmen sine ekstrakonkurransar er trekte!