Pin It

Som tidlegare nemnd ville idrettslaget utbetre skadane på turstien når værtilhøva tillot det. Dette arbeidet vart gjennomført denne veka.

Rune Håvåg tok ansvar for gjennomføringa, og me leigde inn entreprenør Roy Nerdal for å få gjort ein skikkeleg jobb.

Ved stistart på Haugane vart det lagt ned røyr for å prøve å minske faren for at mykje nedbør vaskar vekk delar av stien. 

Deretter vart stien utbetra med litt påfyll av grus og utjamning av traseen.

Øverst oppe ved brua ovanfor Krossteigen har vi no prøvd å lage grøfter for å leie vatnet utanom stien der. 

Etter påfyll og utjamning, vart då denne delen av stien sjåande slik ut. Biletet er teke frå brua og viser stien som går nedover mot kommunehuset.

I tillegg vart det gjort lett opprensking av stikantane enkelte stader. Og no er det berre å håpe at utbetringane hjelper og at stimassen ikkje renn vekk att ved første regnskyll!

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com