Pin It

Eivindvik idrettslag har i ei årrekke hatt ein avtale med Gulen kommune om vedlikehald av 5 turstiar knytt opp mot Kystarv-prosjektet til HAFS-kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen. 

Kommunen har betalt oss 1000 kroner per år per sti for vedlikehald og ettersyn av fylgjande løyper;

 

1. Krossteigen- Mikkelfjellet- Espevatnet(Svitjønna)- Tåene- Nordre Giljane- Kjerringnova- Prestfjellet- Oksebotn- Sagefjellet- Dingjevegen.

2. Undertun- Åsen- "Torvhyttene"- Undertundalen- Ormekletten- Svabergfjellet- Flolidfjellet- "Torvhyttene"- Åsen- Undertun.

3. Krossteigen- Vassverket- Rimmane- Stavsnesåsen(Løypingåsen)- Vassverket- Krossteigen. 

4. Krossteigen- Mikkelfjellet- Høgefjellet- Ugla- Rimmane- Sollibotn- nedre Nordsjøløype via Øvre Stølen(byggefeltet)- Prestegardsstien- Krossteigen.

5. Taskevika- Taskebotn- Mjåfjellet- Kjerringnova.

 

Avtalen gjekk ut i 2023, og kommunen tok difor kontakt med oss og dei andre idrettslaga i Gulen med tanke på ei eventuell forlenging.

Gulen idrettsråd mottok innspel frå kvart enkelt lag og fremja eit forslag om forlenging av tidlegare avtale med enkelte endringar. I forslaget vart det vektlagd kor omfattande ansvaret for vedlikehald og ettersyn faktisk er, og at det ikkje ville vere urimeleg om stønaden frå kommunen vart auka noko ved ei evt forlenging. Det vart foreslått å auke godtgjerdsla pr sti frå kroner 1000 per år til kroner 2000. Det vart og ytra ynskje om ei eingongsutbetaling på kr 5000 til kvart lag for innkjøp av utstyr til framtidig vedlikehald.

I kommunestyremøtet 19.10.23 vart idrettsrådet sitt forslag samrøystes vedteke. Avtalen skal ferdigstillast og signerast i løpet av 2024.

 

Om nokon ynskjer å vite meir om HAFS-kommunane sitt Kysarv-prosjekt, finn de informasjon her:

https://distriktssenteret.no/prosjektdatabase/kystarven/ 

 

 

 

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com