Trimgruppa

Byrjinga på dagen var regntung, men heldigvis letta det fint opp til turstart kl 12.00. Totalt 36 personar deltok, av desse var heile 14 born.

Det går mot lysare tider og voneleg mange flotte solskinnsdagar. Idrettslaget avsluttar vintertrim-konkurransen ved midnatt natt til 1.april og startar samstundes opp årets sommartrimsesong.

Treskiltet til Flolidfjellet, som står i krysset mot Torvhyttene, treng hjelp til å komme seg "på beina" att. Trimgruppa har for tida utruleg mange småoppdrag med vedlikehald langs stiane, og når ikkje over alt. Kan nokon ta seg tida og hjelpe oss med dette?

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com