Trimgruppa

Manglar du poeng for å klare kravet til medalje, eller kanskje ein tur eller to for å kunne vere med i trekninga av ekstrakonkurransane? Då har du nøyaktig 11 dagar på deg. Vintertrimmen startar 1.november, vi kjem attende og anonnserar nye ekstrakonkurransar i god tid,

Torsdag skjedde det store ting på terrassen utanfor Dagsturhytta. Eit splitter nytt bord med tilhøyrande benkar vart montert ferdig i løpet av nokre timar. 

Det har vore mykje vind og nedbør i det siste, noko som har ført til avrenning av toppmassar og danning av til dels djupe renner på turstien. Verst råka er brattbakken nord/nordvest for Krossteigen, men og nærare Haugane er det skadar. Idrettslaget har ein vedlikehaldskonto for turstiane og vil ordne dette når veret roar seg.

Ingen klarte kravet i klassen 0-6 år. I klassen 1.-10.klasse var det Hedda Marie Palmer Håvåg som vann, i open klasse gjekk sigeren til Anne Karin Derås Haveland. Premiane er digitale gåvekort på kr 1000 hjå Macron, utstyrsleverandøren vi har avtale med. Link til klubbshopen deira ligg heilt øverst på nettsida. Gåvekorta vert sendt innan kort tid. Gratulerer!

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com