Trimgruppa

Frå og med årets vintertrim-sesong har styret i trimgruppa vedteke å ta vekk posten på Svabergveten. Det har nyleg gått ras i området, og stien er elles relativt dårleg vedlikehalden. Kun tre registreringar var gjort på posten gjennom heile sommartrim-sesongen. 

Listene kan leverast til ein av medlemmane i trimgruppa, enten Sandra Sofi Skutvik, Una Prestegaard, Gunn Birknes, Tove Rutledal, Bente Iren Høydal eller Mariann Opdal Elde. Trekning av ekstrakonkurransane vert gjennomført når ein har fått slått saman desse poenga og poenga frå Georeg.

Trimgruppa har no fått telt opp poeng frå årets sommartrimsesong, i samband med det trekte dei og alle ekstrakonkurransane som pågjekk samstundes. Vinnarane i kvar klasse mottek eit gåvekort på kr 1000,- hjå XXL, namna deira finn de nedanfor i artikkelen.

Vintertrimmen startar opp natt til onsdag neste veke. Georeg vert nullstilt og sommartrimmen er formelt unnagjort. Trimgruppa har no sett opp fylgjande ekstrakonkurransar for vintersesongen:

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com