Pin It

Det går mot lysare tider og voneleg mange flotte solskinnsdagar. Idrettslaget avsluttar vintertrim-konkurransen ved midnatt natt til 1.april og startar samstundes opp årets sommartrimsesong.

Manglar du poeng i vintertrimmen? Har du ein tur eller to att for å kunne vere med i trekninga av vinterens ekstrakonkurransar? Då må du få dette unnagjort seinast 1. påskedag. 

2.påskedag sveivar vi i gang sommartrimmen og håpar mange av dykk finn inspirasjon til å delta, i år som tidlegare år. Sommartrimmen sine ekstrakonkurransar vert denne sesongen som fylgjer;

0-6 år: Minimum ein tur på fylgjande postar: Dingeneset, Øykjegardsfossen, Langemyrane, Gulakvila og    Verpetuppen.

1.-10.klasse: Minimum ein tur på fylgjande postar: Stemma(Nordgulen), Dingeneset, Nordgulkletten,        Gulakvila og Stormyra.

Eliteklassen: Minimum ein tur på fylgjande postar: Kvitebergnova, Vatnestølen, Nordgulkletten,                  Svabergfjellet og Kistefjellet.

Open klasse: 10 turar på Gulakvila og 10 turar på Rimmane.

 

Vinnaren av kvar klasse får eit gåvekort hjå XXL på kr 1000. 

 

 

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com