Årets sommartrimsesong vart avslutta 31.oktober. Frå og med 1.november har alle poeng de har oppnådd vorte registrert i vintertrimmen, der og Georeg vart nullstilt same dag. Vintertrimmen sine ekstrakonkurransar er i år:
Les meir: Litt forseinka,men her har de årets ekstrakonkurransar i vintertrimmen!
Vi held fram med å bruke fjellet heile året, og det set vi som styrer med vintertrimmen stor pris på. Korona-pandemien har nok gjort sitt til at enno fleire no har oppdaga at tur er topp.
Det har teke tid, men endeleg har idrettslaget fått trekt vinnarane av ekstrakonkurransane i vintertrimmen.
Les meir: Vinnarane av ekstrakonkurransane i vintertrimmen kåra!
Det er meldt finver til morgondagens utgåve av Vassverket opp, og vi reknar med godt oppmøte.
Idrettslaget ynskjer å gje deltakarane i konkurranseklassane mest mogeleg like forhold, og ber av den grunn alle som ikkje spring på tid om å syte for at dei er komne opp til toppen FØR konkurransestart kl 13!