Om ein har spørsmål eller tilbakemeldingar vedrørande Prestegardsstien, kontaktar de leiar i Trimgruppa Tove Rutledal på tlf 95236015. Initiativtakar Rune Håvåg har ikkje noko ansvar for drift og vedlikehald av stien.
Det nærmar seg 1.april, datoen for oppstart av sommartrimsesongen. Nye bøker vert lagt ut på alle postane dei komande dagane, Georeg vert nullstilt i løpet av kvelden den 31.mars.
Idrettslaget har vedteke å endre poengsum på nokre av fjelltrimpostane i området Nordgulen-Haveland frå og med 1.april. Vi ser at desse postane krev ein større innsats å komme til enn det ein får utteljing for i poeng.
Les meir: Idrettslaget endrar poengsummar på tre toppar i Nordgulen/Havelandsområdet!
Då har idrettslaget fått på plass forbodsskilta mot bilkøyring inn på turstiane våre. Det er nokre få unntak frå forbodet, dette gjeld: