Alle 25 laga stilte velvillege opp for fotograf Rune Fjæreide før start. I artikkelen ser de resultatet:
Link til kanalen vår finn de heilt oppe i høgre hjørne på heimesida
Laurdag føremiddag gjekk årets Eivindvik Challenge av stabelen. Heile 50 deltakarar stilte til start på ein dag som byrja med tjukk tåke langt nedover fjellsidene, men avslutta i strålande sol.
Takka vere nybrottsarbeid frå dataguru Kristian Rene Kolås vil årets Eivindvik Challenge tilby live-oppdateringar undervegs i konkurransen og løpande resultatlister. Bruk linkane i artikkelen!
13. august kl 11 går startskotet for årets Eivindvik Challenge. I denne artikkelen finn du utfyllande informasjon om arrangementet, mellom anna påmeldingsinformasjon, konkurransereglar og krav til innlevert samtykkeskjema for deltakarar under 18 år.
Aktiviteten i fjelltrimmen held fram, men i vitertrimmen er han noko lågare. Klimaet vårt gjev gode turtilhøve både sommar som vinter.
Vi er litt seine med å krevje inn medlemspengar i år, men no er utsendinga i full gang. Mottek de mail eller e-faktura frå Buypass i nettbank/mobilbank på kr 200(enkeltmedlemskap) eller kr 400(familiemedlemskap), er det berre å betale denne. Nokre få tidlegare medlemmar vil få faktura i posten på gamlemåten, dette fordi vi ser at medlemspengane ikkje vil bli betalt inn på anna vis.
Været kunne nok vore bedre, men folk stilte likevel opp og gjorde årets utgåve av Vassverket Opp til ein fest.
Den årvisse 1.mai-turen gjekk av ein eller annan grunn i gløymeboka for oss i idrettslaget i år. Det vart difor bestemt at vi i staden skulle invitere til fellestur Helgetorsdag, og at turen skulle gå til Sagefjellet.