VASSVERKET
OPP
29.MAI 2022
KL 13
Vi står klare til å arrangere vårt tradisjonelle motbakkeløp førstkommande søndag. Er du klar? Meld deg på no ved å sende mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller send ei tekstmelding til 99263363.
Årets store festdag nærmar seg med stormskritt, og bygda vår gjer seg klar til ei storslått feiring. Les festprogrammet i artikkelen under!
Biletet ovanfor er teke forrige gang idrettslaget gjennomførte fellestur til Sagefjellet. I år gjentar vi suksessen, les plakaten i artikkelen under!
Heile 11 løparar frå klubben stilte på startstreken i flott løpsvær forrige helg. Sju stilte opp i halvmaraton-klassen, fire løparar sprang 5 kilometer. Som vanleg var hovudvekta av deltakarar påmeldt i kvinneklassen.
Årets utgåve av Vassverket Opp har fått dato og klokkeslett. Kven som helst kan delta, ein vel sjølv om ein vil delta i konkurranseklassen eller berre rusle opp og ta det som ein flott søndagstur.
Trimgruppa har no gjennomgått alle bøker samt Georeg for å trekke vinnarane av vintertrimmen sine ekstrakonkurransar.
Turstien mellom sjukeheimen og Haugane er enno ikkje godkjent av Statsforvaltaren grunna misnøye med utforminga av området der stien går gjennom steinmuren på Haugane.
Sommartrimmen er i gang. Dei som ikkje nyttar Georeg må no fylle ut poengskjema sjølve om dei vil vere med i konkurransen. Bøkene på postane er kun "Gjestebøker". Skjema til utfylling finn de her:
Vintertrimsesongen avsluttast 31.mars kl 24.00. Manglar du nokre poeng for å nå kravet eller har ein tur eller to att for å kunne delta i trekninga av ekstrakonkurransane, må du få gjort dette før den tid!