Totalt 21 medlemmar fann det bryet verdt å møte opp når idrettslaget gjennomførte årsmøte i Mediateket på skulen søndag. Etter gjennomgang av saklista stod den tradisjonelle bingoen for tur.
Kommande søndag gjer vi klar til årsmøte på skulen. Vi går gjennom året som har vore, ser på kommande planar, går gjennom rekneskap og delar ut fjelltrimpremiar. Den tradisjonelle bingoen vert gjennomført, flotte premiar ventar dei heldige vinnarane. Gratis kake og kaffi/saft. Kom då vel!!
Onsdag 8.mars set Anton i gang med Aikido-treningar i Mediateket. Onsdagar vert treningstida lagt til 19-20 for 5.-10.-klasse, 20-21 for vaksne. Fredagar trenar dei yngste 18-19, vaksne 19-20. Treningsspråk vert førebels engelsk. Vel møtt!
Anton Pidoselnyk og kona Hanna kjem opprinneleg frå den krigsherja Luhansk-regionen i Ukraina. Dei budde i byen Alchevsk med rundt 100.000 innbyggjarar og har der drive sitt eige Aikido-senter sidan 2014.
Marco Elsafadi er ein profilert tidlegare idrettsutøvar med sterkt sosialt engasjement. Han har ei lang karriere bak seg i BLNO, basketligaen i Noreg. I 2006 vart han kåra til Årets forbilde på Idrettsgallaen. Han vann og Mesternes Mester i 2014. Marco er no ein svært populær foredragshaldar og er ei ekte eldsjel! Sjå invitasjon og påmeldingsopplysningar i artikkelen.
Veret viste seg frå si beste side atter ein gong då Nissemarsjen vart arrangert 3.juledag. Omtrent blikkstille i lufta og litt snø på bakken la ei perfekt ramme for arrangementet.
I år som tidlegare år har idrettslaget hatt nokre konkurransar gåande parallelt med sommartrimmen. Vinnarane mottek gåvekort hjå XXL til fri disposisjon.
Kvart femte år ein klarar kravet til fjelltrimpremie får ein utdelt ein spesiell jubileumspremie frå oss. Under ser de lista over kven som får ein slik premie i år, og kor mange år vedkommande har klart kravet:
Totalt 292 personar registrerte seg i Fjelltrimmen 2022 ved hjelp av Georeg-appen. Eit fåtal har i tillegg levert inn eigeutfylt skjema. Lista over alle dei 89 som klarte premieringskaravet finn de i artikkelen under: