Som kvar einaste romjul dei seinaste åra, inviterar vi til Nissemarsj i år og. 3.juledag kl 18 startar toget frå buss-stoppet nedanfor Bjelde-huset. Turen går via Øvre Stølen og Prestesundet før ein returnerar til startområdet. Faklar vert utdelte, kaffi,saft og pepperkaker kan nytast etter målgang. Vel møtt!
Årets vintertrim er godt i gang, og som tidlegare vil idrettslaget ha nokre ekstrakonkurransar gåande gjennom sesongen.
Mandag denne veka starta Kjetil Hantveit opp fotballtrening for gutar og jenter i aldersgruppa 5.-8.klasse. Treningane vil vere vekselvis ute og inne kvar mandag frå 19-20.30. Bli med!!
14.-30. november får alle medlemmar 40% avslag på klubbtøy i klubbshopen vår. Rabatten gjeld og andre varer i Macron-sortimentet. Klikk deg inn på Klubbshop-logoen øverst på nettsida, les informasjonen der og sett i gang!
EIL vart no i haust kontakta av Odd Lennart Vikene ved Institutt for Idrett, Kosthald og Naturfag ved Høgskulen på Vestlandet avd Sogndal. Årsaka var at han hadde høyrd rykter om aktive fjellgåarar hjå oss.
Årets sommartrimsesong er no straks ved vegs ende. Dei som framleis manglar nokre poeng eller vil klare krava til ekstrakonkurransane har frist på seg ut kommande mandag. Frå midnatt natt til tirsdag vil alle
Kommande onsdag startar Jurijus Svistunas opp bordtennis-trening for alle interesserte i alderen 10-18 år. Treninga finn stad i gymsalen på skulen og varer frå kl 17-19. Kom og bli med!!
Idrettslaget har sett at idrettsbane-området vert brukt flittig av diverse hundeeigarar. Grunna stadige funn av hundebæsj inne på grasbana må vi no sette ein stoppar for denne aktiviteten. Fotballbana er regelmessig i bruk, spelarar som får avføringa i skrubbsår e.l. risikerer store helseplager.
Eivindvik har ei stolt bridge-historie med mellom anna europameistertitlar og eigen bridgeklubb. Aktiviteten har vore låg dei seinare åra, men kanskje er det på tide å gjere noko med det?
Meld deg på kurset via denne lenka:https://bridge.mailmojo.no/m/