1. februar kom gladmeldinga frå styresmaktene, no har alle lov å trene både utandørs og innandørs med nærkontakt! Eivindvik IL opnar difor opp att fotballtrening for damer og oldboys, samt innebandy for begge kjønn!
Om ein klarar fjelltrim-poengkravet over fleire år, vankar det ein premie frå trimgruppa kvart femte år. Fem sesongar med oppnådd poengkrav betyr ein premie frå oss, ti sesongar utløyser ny premie og så vidare. Her kjem oppdatert liste!
For alle som er interessert i om dei sjølve eller naboen klarte kravet; Sjekk lista i artikkelen!
Torsdag kveld vart trekninga gjennomført med fylgjande resultat:
Grunna arbeid med asbest vert gymsalen på skulen stengt for all bruk frå og med etter skuletid fredag til måndag morgon. Perioden kan verte forlenga. Utvida stengning vil verte annonsert her.
I dag er ein historisk dag for Eivindvik IL! Endeleg kan vi ynskje medlemanne våre velkomne til vår heilt eigen nettbutikk. Her finn de treningstøy med logo og trykk til godt rabatterte prisar som viser omverda kvar de kjem frå! Trykk på linken øverst oppe på sida og sjå då vel!
Regjeringa la torsdag 13.januar fram nye retningslinjer for smittevern i samband med Covid-19-pandemien. Idrettslaget har vore i kontakt med smittevernansvarlege i kommunen og fått fylgjande tilbakemelding:
I radio og på tv høyrde ein av og til historiar om menneske med hobbyar utanom det vanlege. Bading midtvinters var ein slik hobby, ofte personifisert av eldre "særingar" som trivdest best i einsemd langt utanfor allfarveg. No har tidene endra seg!
Teljekorpset er i full gang med oppteljinga av sommartrimmen for 2021. Komplette lister over kven som har klart poengkrava vil vere klare i god tid før årsmøtet i mars.