Totalt 25 små og store tok sjansen på å gå ut i kulda og vere med på årets Nissemarsj. Løypa gjekk som tidlegare om Øvre Stølen, via Prestesundet og tilbake til buss-skuret nedanfor Rolf Bjelde sitt hus.
Den tradisjonsrike Nissemarsjen går i år av stabelen 3.juledag kl 18. Start- og målområde vert som tidlegare ved buss-skuret i krysset nedanfor Rolf Bjelde sitt hus.
Det er no diverre meldt temperaturar rundt null grader i romjulsperioden. Dette vert for mildt til å legge is i ballbingen. Idrettslaget beklagar dette, men lovar å kome sterkare attende så snart været vert stabilt kaldt.
Nasjonale retningslinjer frårår innandørs trening for vaksne gitt dagens smittesituasjon. Eivindvik IL har avlyst all trening i sin regi på ubestemt tid. Leiar i Eivindvik IL, rektor Veslemøy Dingen ved Eivindvik skule og kommunelege 1 Anita Pettersen har i dag diskutert bruk av gymsal der private i eigen regi brukar salen til trening.
Om vermeldingane ikkje held oss for narr vert det relativt kjølig og klårt vinterver i romjula. På same måte som i fjor planlegg idrettslaget då å islegge ballbingen i Prestesundet bustadfelt, slik at
Etter at regjeringa denne veka la fram nye innskjerpingar og restriksjonar for å hindre fortsatt aukande smitte i samfunnet, må idrettslaget diverre meddele at samtlege treningsaktivitetar i vår regi no vert sett på pause nok ein gang.
Rundt 50 små og store samla seg i dag til julegrantenning på Prestekaia. Arrangementet går på omgang, i år var idrettslaget arrangør. Sjå flotte bilete i artikkelen!
Det vert no jobba iherdig for å klargjere webshopen vår til bruk for alle medlemmar. Nokre få detaljar gjenstår, mellom anna plassering av logoar og evt initialar på kleda. Under finn de info om prosessen vidare:
Det er ei glede for idrettslaget å kunne invitere interesserte medlemer til klesprøving i gymsalen på Eivindvik skule sundag 21/11 mellom klokka 14 og 16. Les artikkel for meir informasjon og fleire bilete av kolleksjonen!