22.mai går endeleg idrettslaget si årvisse tevling "Vassverket Opp" av stabelen. For dei som vil springe på tid startar konkurransen kl 13, dei som berre ynskjer å "rusle" opp kan stille seinast kl 12.30.
Tradisjonen tru arrangerte Eivindvik IL laurdag den årvisse 1.mai-turen. Turen gjekk i år som i 2019 til toppen av Sagefjellet.
Det går fort i svingane, og dugnadsinnsatsen er formidabel i bygda. Laurdag 24. april vart plata til den nye gapahuken som skal stå på "naturleikeplassen" støypt.
Idrettslaget inviterar alle som ynskjer med på årets 1.mai-tur til Sagefjellet. Vi legg i veg frå bakketoppen ovanfor Dingja(ved Sagefjell-skiltet) kl 12. Kle deg etter været, ha gjerne med niste, drikke og klesbyte i sekken. Hugs smittevernreglar, hald avstand!
Denne veka starta arbeidet med å utbetre den gamle "naturleikeplassen" på oppsida av Krossteigen.
Om ein har spørsmål eller tilbakemeldingar vedrørande Prestegardsstien, kontaktar de leiar i Trimgruppa Tove Rutledal på tlf 95236015. Initiativtakar Rune Håvåg har ikkje noko ansvar for drift og vedlikehald av stien.
I dag fekk idrettslaget levert 17 tonn singel og 13 tonn grus til bruk rundt ballbingen og i frisbeegolfområdet. Noko singel skal og nyttast i våte stiparti rett ovanfor Karibenken. Idrettslaget planlegg dugnadsarbeid på desse anlegga i løpet
Påskeafta runda nettsida 100.000 visningar sidan oppstarten 3.oktober 2019. Dette gjev eit dagleg snitt på 182,4 visningar for heile perioden. Om visningstakta held fram i dette tempoet, rundar vi 1.000.000 visningar seinhaustes 2034!
Takk til alle de rundt omkring i skulekrinsen som nyttar sida vår!
Personen/personane som var ansvarlege for køyring på turstien mellom Sollibotn og Karibenken natt til langfredag, har kontakta idrettslaget og kome med ei uforbehalden orsaking.
Idrettslaget har godteke dette, under forutsetning av at stien vert ordna til att og at slike episodar ikkje gjentek seg.
Grunna tilståinga i dag vil saka ikkje verte anmeldt til politiet.