Seint skjærtorsdag kveld eller natt til langfredag har uvedkomande vore med bil inne på turstien. Dei har køyrd inn på stien i Sollibotn, fortsatt til Karibenken og køyrd attende. Stien ber tydelege preg av høg fart.
Idrettslaget har vedteke å endre poengsum på nokre av fjelltrimpostane i området Nordgulen-Haveland frå og med 1.april. Vi ser at desse postane krev ein større innsats å komme til enn det ein får utteljing for i poeng.
Det nærmar seg 1.april, datoen for oppstart av sommartrimsesongen. Nye bøker vert lagt ut på alle postane dei komande dagane, Georeg vert nullstilt i løpet av kvelden den 31.mars.
Klikk på lenka medlemskap.nif.no , registrer medlemskapet ditt i idrettslaget gjennom idrettsforbundet. Registreringa er gratis, vi får kun tildelt medlemsstønad for dei som er registrert på denne måten. Av 265 medlemer i fjor hadde ca 85 gjort dette. Idrettslaget gjekk dermed glipp av tusenvis av kroner.
Idrettslaget inviterte sundag 14.mars medlemane sine til digitalt årsmøte på Microsoft Teams - plattformen. Møtet vart annonsert på nettsida, på Facebook og med plakat på butikken.
Årsmøtet for 2020 vert grunna Koronapandemien avhelde på Microsoft Teams. Les vidare inne i artikkelen for å finne lenke til deltaking på møtet, informasjon om korleis ein går fram for å delta samt saklista for årsmøtet..
Då har idrettslaget fått på plass forbodsskilta mot bilkøyring inn på turstiane våre. Det er nokre få unntak frå forbodet, dette gjeld:
Ei hovudlykt av merket Phoxx vart i dag funnen på stien opp frå Dingja mot Sagefjellet. Lykta låg heilt i starten av stien. Om nokre dreg kjensel på den og ynskjer den attende, kontakt Kjetil Rutledal på tlf 99263363.
Idrettslaget har over tid sett at enkelte har køyrd på turstiane med ymse motorkøyretøy. Dette er IKKJE tillete, og vi ber alle respektere forbodet. Vi kjem no til å sette opp større fysiske hindringar ved inngangar/utgangar, samt skilt lik det på biletet over. Hovudgrunnane til forbodet er å unngå trafikkfarlege situasjonar og auka slitasje på underlaget.