Idrettslaget har beslutta at all organisert treningsaktivitet for vaksne i laget sin regi vert sett på vent inntil vidare. I fylgje rektor Einar Thune ved Eivindvik barnehage og skule er gymsalen fortsatt stengt for bruk utanfor skulen si opningstid.
Laurdag opnar nettsida ein ny "Månadens quiz". Denne gangen har vi teke portrettbilete av 15 personar tilhøyrande i skulekrinsen. Vi har brukt Snapchat - filter for å "forandre" utsjånaden litt, og oppgåva er då å gjennkjenne kven desse personane er.
Juli månad har nettsida vorte flittig nytta av medlemer og andre. Som de ser på besøksteljaren, runda vi i dag 5000 "klikk" på dei siste 30 dagane. Dette gjev eit dagleg snitt på 167 besøkande.
I starten av juli vart frisbeegolf-bana langs Prestegardsstien gjort klar til bruk. Starten, og postkassen med frisbeear og lister for teljing av poeng, er plassert oppi første bakken når ein kjem gåande frå byggefeltet i Øvre Stølen.
Månadens quiz vart vunnen i utklassingsstil av Inger Sognefest. Ho prikka inn 15 av 15 rette svar, og stikk dermed av med tursekk med EIL-logo.
Etter litt om og men legg vi no ut ein biletserie frå årets løp. Alle deltakarar som sprang på tid vart fotograferte, i tillegg har vi med nokre stemningsbilete frå toppen.
Frå og med i dag vil ein lettare kunne finne fram eldre artiklar på nettsida. I staden for å bla seg gjennom side etter side til ein finn det ein leitar etter, kan ein no berre legge inn eit søkeord og alle artiklar som inneheld dette ordet vert lista opp. På smarttelefon ligg søkefeltet UNDER artiklane på framsida, på pc finn ein søkefeltet oppe til høgre for artiklane på framsida.
Så er vintertrimmen endeleg klar. Det er mange som er veldig aktive i løypene, i år har 110 greidd kravet til diplom. Nedanfor fygjer ei alfabetisk liste over alle som har greidd kravet.
Årets utgåve av Vassverket Opp samla totalt 34 deltakarar i strålende turvær, 17 av desse sprang på tid. Under fylgjer resultatlista;