Grunna høg etterspurnad etter resultatlister, vel vi å legge ut poengsummane no i kveld. Merk at laga ikkje står oppført etter oppnådde poeng men etter startnummer. Ein meir utfyllande artikkel om dagens arrangement kjem seinare. Resultata finn de lenger nede i artikkelen.
Sit du i godstolen og lurer på korleis det går i konkurransen? Eller er ute i løypa og vil vite korleis laget ditt ligg an? Klikk på lenka og sjå oppdatert minutt-for-minutt resultatliste! (NB! Om de klikkar inn før konkurransen startar, har nokre lag poeng. Dette skuldast systemtesting).
Heile 23 lag melde seg på før fristen gjekk ut ved midnatt, hårfint mindre enn fjorårets 25. Oppmøte seinast kl 10 laurdag, konkurransestart kl 11. Syklar parkerast utanfor legekontoret, kom deretter til startområdet for utdeling av startnummer, bilet-taking, oppvarming mm. Velkomne!!
Mange har meldt seg på årets Eivindvik Challenge, men vi vil gjerne ha med fleire! Hiv deg rundt og få inn ei påmelding til oss i dag! Lag påmeldt etter fristens utløp får ikkje delta i konkurransen!
12. august kl 11 går startskotet for årets Eivindvik Challenge. I denne artikkelen finn du utfyllande informasjon om arrangementet, mellom anna påmeldingsinformasjon, konkurransereglar og krav til innlevert samtykkeskjema for deltakarar under 18 år.
Sommaren velsigna oss med perfekte rammer for årets cup. Mellom 150 og 250 born og vaksne tok turen til Eivindvik stadion for å nyte finværet, gladfotball og det sosiale samværet ei slik turnering legg opp til. Sjå bilete i artikkelen!
Lørdag 17.juni kl 11 startar årets Eivindvik Cup opp. Nytt av året er at deltakarlaga no er i aldersgruppa 1.-4. klasse, noko som er naturleg grunna svært låg deltaking på seinare års vaksencupar. Rett etter turneringsslutt, ca kl 14, kan vi i tillegg freiste med toppoppgjer i J17 2.div mellom Gulen FK og Kvernbit!
Idrettsrådet i Gulen er organisert i NIF gjennom idrettskrinsen, og skal vere eit fellesorgan for idrettslaga og andre lag som høyrer innunder NIF inn mot kommunen. Idrettsrådet skal jobbe for å styrke idretten i Gulen kommune. Spanande fagtema-foredrag og idemyldring kring eksisterande anlegg og tankar rundt symjehall/idrettshall rett etter årsmøtet!
Idrettslaget har siste tida jobba med å rydde vegetasjon i og rundt Frisbeegolf-bana som ligg i tilknytning til Prestegardsstien. Det er då fortvilande å sjå kor mykje hundebæsj som ligg langs stien, dvs inne på bana, og som gjer det utriveleg å ferdast der. Vi ber alle hundeeigarar ta med seg etterlatenskapane til hunden sin og kvitte seg med det andre stader!