I dag er siste frist for påmelding til Eivindvik Challenge. Konkurransen går av stabelen komande laurdag, og vi har fortsatt plass til fleire lag. Spesielt gute- og jenteklassen treng fleire deltakarar!
Så langt er 17 lag påmeldt, aldersspennet går frå ungdomsskuleelevar til deltakarar i 60-åra!
Det er fortsatt god plass til fleire!
Etter tilbakemelding frå publikum gjer Eivindvik IL no enkelte endringar for å lette påmeldingsprosessen til Eivindvik Challenge 14.august.
9 lag har til no meldt seg på, hiv deg rundt og bli med du og!
Info om arrangement og påmelding:
Det har teke tid, men endeleg har idrettslaget fått trekt vinnarane av ekstrakonkurransane i vintertrimmen.
14. august kl 11 går startskotet for idrettslaget si nyvinning Eivindvik Challenge. I denne artikkelen finn du utfyllande informasjon om arrangementet, mellom anna påmeldingsinformasjon, konkurransereglar og krav til innlevert samtykkeskjema for deltakarar under 18 år.
Det har dei siste åra vore juksa med medlemslister hos frivillige lag og organisasjonar for å tileigne seg høgare medlemsstønad enn ein har krav på. Eivindvik IL er pålagt å syte for at medlemslistene våre er korrekte, og vi må difor iverksette elektronisk medlemsregistrering frå og med i år. Dette inneber:
Vi held fram med å bruke fjellet heile året, og det set vi som styrer med vintertrimmen stor pris på. Korona-pandemien har nok gjort sitt til at enno fleire no har oppdaga at tur er topp.
På oppdrag frå saniteten og idrettslaget har Sindre Indrebø, med litt hjelp(kanskje av nær familie?), bygd og beisa ferdig to benkesett med bord som skal stå ved Stølsløkka ballbinge. Idrettslaget takkar Eivindvik Gulen Sanitetslag for den flotte gåva, og vi vonar benkane fell i smak blant alle føresette som no kan få kvilt beina litt medan avkommet spinn rundt på kunstgraset.