Til glede for liten og stor er no ballbingen i Prestesundet omgjort til isbane. Opningstider er mellom kl 9 og kl 21 kvar dag. ALL FERDSEL PÅ EIGE ANSVAR!
Velkomne!!
I kveld fekk idrettslaget endeleg gjennomført trekninga av ekstrakonkurransane i fjorårets Sommartrim. Vinnarane vart som fylgjer:
Kommande fredag(29.januar) kl 19 inviterar idrettslaget alle som vil til å vere med på skitur i Midtundalen. Ta med ein vedkubbe i sekken din, så fyrer vi opp bål og pratar litt i lag før turen går heimover att.
Vel møtt!
Frå og med mandag neste veke set idrettslaget i gang att med fotballtrening for dei minste skuleklassane, dvs 1. til og med 4. klasse.
2.nyttårsdag kl 18 la 13 spreke sjeler i veg mot Høgefjellet. Vel oppe tente dei bål, slo av ein prat og naut omgjevnadane før turen gjekk heimover att.
Bli med på "Måneskinstur" opp til Høgefjellet i kveld kl 18! Vi går frå parkeringsplassen ved kommunehuset. Det vert fyrt opp bål på toppen, så ta med varme klede. Ta ellers med drikke sjølve. Velkomne!
29.desember gjekk årets Nissemarsj av stabelen under aldeles nydelege værtilhøve. Totalt 61 personar deltok på arrangementet, noko som er ein oppgang på nærare 50% frå fjorårets marsj!
Sommartrimmen er no ferdig opptelt, listene over dei som har klart kravet finn de nederst i artikkelen.
Tradisjonen tru arrangerar idrettslaget den årvisse Nissemarsjen i romjula i år og. Tidspunktet er tysdag 29. desember kl 18.