Med eit dagsferskt stemningsbilete frå Gulakvila ynskjer Eivindvik idrettslag alle medlemer og andre ei retteleg god jul! I løpet av romjula vert sommartrimlistene publiserte på nettsida.
Oppteljinga av sommartrimmen går mot slutten. Fleire born har greidd kravet men er ikkje medlemer. Likeeins er det fleire faste, årelange medlemer som ikkje har betalt kontingenten.
Idrettslaget har den siste tida vorte kontakta gjentatte gonger med spørsmål kring vintertrimmen. Frå og med i dag vert fylgjande endringar gjort;
Oppteljinga av sommartrimmen er i rute. Alle bøkene er henta og talde, Georeg er sluttført og prosessen med å samle alle resultat i hovudlista er snart i mål.
Klikk på biletet over for å lese oppmodinga frå Trimgruppa.
Sommartrimmen vart avslutta denne helga, og frå 1.november er vintertrimmen i gang. Georeg er nullstilt og nye bøker er lagt ut på postane.
Som lova kjem her filminga av siste del av turstien, frå Haugane til Øvre Stølen.
Då har vi endeleg kome i gang med filminga av Prestegardsstien. Her er dronevideoen frå distansen Øvre Stølen-Solleibotn. Videoen frå del 2 Haugane-Øvre Stølen kjem om nokre dagar.
Kvart år gjennomfører Rosa sløyfe-aksjonen "Rosa sløyfe-løpet" i dei største byane i Norge. Aksjonen set fokus på brystkreft blant både kvinner og menn, og løpet er med på å generere inntekter til denne viktige saka.